Velkomen til
Holmen Kulturpark

ein opplevingsarena for det gode liv i Hardanger

Holmen kulturpark er under utvikling 2023-2028

Vi skal verta ein særprega arena for natur- og kulturbaserte opplevingar innan hagebruk, gastronomi og kultur, og appellere til ulike kundegrupper både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Om oss

Holmen kulturpark vil skapa aktivitetar og prosjekt som kjem lokalsamfunnet, næringslivet og kommunane i Hardanger til gode.

Arkitektfirmaet Add:Green har teikna skissene til opplevingshagen i Holmen kulturpark.

Holmen kulturpark ligg vakkert til i Cittaslow bygda Ulvik i Hardanger. Med si historie, sjel og naturskjønne beliggenheit gir besøket deg her eit minne for livet. Fokus på hagebruk og kultur, lokalmat og sider, set ei spesiell ramma rundt besøket her.

Besøk oss

Holmen kulturpark er under utvikling 2023-2028

Vi skal verta ein særprega arena for natur- og kulturbaserte opplevingar innan hagebruk, gastronomi og kultur, og appellere til ulike kundegrupper både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Holmen kulturpark består i dag av

Isdalshuset

Ein praktfull dragestilsvilla frå 1896 med tilhøyrande naust, brygge, uthus og ein landsskapspark som ligg omkring huset. Ulike tilbod innan gastronomiske opplevingar, konsept knytt til mat og drikke vert arrangert her. Landskapsparken har eit naturleg amfi som er unikt for utekonsertar og kulturarrangement

Holmen kulturpark består i dag av

Historia til Kølle-søstrene

I 1805 vart eigedommen kjøpt av Christian Kølle, og det var dei tre døtrene hans som budde der. Catharine Hermine Kølle (1788-1859) var den fyrste kjende kvinnelege fotturist, reiseskribent og målar, med 251 maleri registrert. Køllehuset, der de tre kvinnene heldt til, var eit vakkert 1700-tallshus. På 50-tallet vart det flytta og teke i bruk som samlingsstad for Ulvik-folket, der det på søndagar blant anna vart lest aviser, diskutert politikk, drukke øl og dansa. Dette er eit av få stader i Noreg vi finn spor av salongkultur.

Visningssenter

Vi har planar om å etablera eit permanent visnings og dokumentasjonssenter for «Kølle-søstrene» i Jacobstova, som skal formidla deira virke og liv i ei kulturhistorisk ramme. Det er oppretta ei eige faggruppe som skal utarbeida innhaldet i dokumentasjonssenteret.

Historia til Kølle-søstrene

I 1805 vart eigedommen kjøpt av Christian Kølle, og det var dei tre døtrene hans som budde der. Catharine Hermine Kølle (1788-1859) var den fyrste kjende kvinnelege fotturist, reiseskribent og målar, med 251 maleri registrert. Køllehuset, der de tre kvinnene heldt til, var eit vakkert 1700-tallshus. På 50-tallet vart det flytta og teke i bruk som samlingsstad for Ulvik-folket, der det på søndagar blant anna vart lest aviser, diskutert politikk, drukke øl og dansa. Dette er eit av få stader i Noreg vi finn spor av salongkultur.

Visningssenter

Det arbeidast med å etablera eit permanent visnings- og dokumentasjonssenter for «Kølle-søstrene» , som skal formidla deira virke og liv i ei kulturhistorisk ramme.
Det er oppretta ei eige faggruppe som skal utarbeida innhaldet i dokumentasjonssenteret.
Geir Sigmund Netland er prosjektleiar.

PROSJEKTET 2023-2028

Heilskapen i prosjektet; ein stad for kunnskap og opplevingar.

Historisk Frukthage

Det skal plantast ein historisk frukthage som formidlar Hardanger si frukthistorie. Gamle sortar som er aktuelle for mat og drikke skal nyttast, dei skal synleggjere ulike skjeringsformar som frukttrea har hatt gjennom tidene, og det vert informasjon om poding gjennom kurs og utstillingar. Historisk perspektiv: Anlegget skal spegle Ulvik si rolle i utviklinga av norsk frukt og hagebruksnæring. Planteskule sidan 1765 og hagebruksskule frå 1901.

Hageopplevingar

Det skal etablerast ein opplevingshage i prosjektet, på den gamle gartneritomta- eit 3500 kvm. stort opparbeida område som ligg klart til å byggja på. Adkomsten til heile parken skal gå gjennom bygget og inn i hagen. Stiar og veger som skal slynge seg gjennom parken og har ulike sitjeplassar der besøkande kan finne ro og harmoni, samt nyte mat og drikke.

Ved inngangen skal det og vere eit utsal med lokale produkt. Sentralt står lokale og handlaga produkt, basert på dei naturgitte ressursane vi historisk har produsert, foredla og servert her i regionen. Vi skal i størst mogeleg grad vere sjølvforsynt (lokalt og regionalt) med produkttilbodet.

Hagen skal ha eit gastronomisk utrykk, der ein kan «ete» seg gjennom hagen og lære om ulike vekstar. Det vert fokus på matvekstar, men og estetikk. Hagen skal verte ei oppleving i seg sjølv. Opplevingshagen vert knytt til visningsfelt for sommarblomar og moglegheit for besøk i produksjonsgartneri. Læring skal vere ein raud tråd og heile området skal nyttast til kunnskapsformidling.

Galleri

Holmen kulturpark skal tilby ekte sanseopplevingar og formidla unik kulturhistorie frå Ulvik. Besøkjande skal få oppleva, sjå, smake og læra om det beste som Hardanger har å by på.

Besøk oss

Arrangementskalender

Kurs i beskjæring og poding av frukttre
Mars 2026
Hardanger Matsymposium
20. og 21. juni 2025

Hardanger Matsymposium invitera til festival i Holmen kulturpark 20. og 21. juni:
PROGRAM fredag 20. juni:
KL. 13:00-15:00: 
Me startar dagen med ein aktuell Workshop; "Besøksforvaltning".
Kva er besøksforvaltning og kor mange har vi plass til?
Korleis bruka Besøksforvaltning som verktøy for å sikra berekraftig utvikling og samtidig gi grunnlag for brei lokal verdiskapning i bygdene våre. Prosjektleiar Britt Dalland frå Vestland Fylke kjem og held eit innlegg og svarar på spørsmål, informera og engasjera! Møteleiar er Per Gunnar Hettervik, seniorrådgiver for mat, kultur og opplevelser i Norges Vel.
Arrangementet er gratis og åpent for alle. Me møtes i gulehuset på Hjeltnes. Påmelding på Ticketmaster.no

15:00-23:00 HAGEKAFÈ
Smårettar og Hardangerdrykk.

16:00 SILDEBORD I NAUSTET
Langbord med eit hav av smakar. 12 ulike smårettar tilpassa lokal sider.
Påmelding kr. 675. (BILLETTANE ER UTSOLGT!)

18:00 SMAKSVERKSTAD I TELTET VED FJORDEN
"Norge møter Frankrike"  
Sidersmaking med pommelier og sommelier David Gyllander. Påmelding kr. 350.

16:30 & 18:00 SMAKSVERKSTAD I KJELLAREN
Hiernagla småskala handverksbrenneri frå Sveio har ambisjonar om å lage verdens beste single malt whisky!
Dei inviterer på smaksprøver av sine produkt i kjellaren i Isdalshuset. (20 års aldersgrense)

LAURDAG 21. JUNI
11:00-12:00 VANDRING ETTER VILLE VEKSTAR
Geir Flatabø tek oss med på jakt etter etande ville vekstar.
Geir er kjent for mange, men for dei ukjente så kan me fortelja kort at han har stor kunnskap om heilhetleg medisin og nyttevekstar. Han visa oss og fortel om nyttevekstane me kan finna i bygda.
Turen startar i tunet på Hjeltnes.

12:00-23:00 HAGEKAFÈ

12:00 OPNING AV "CATHARINE HERMINE KØLLE UTSTILLING" I ISDALSHUSET
ved prosjektleiar Geir Sigmund Netland.
Akvarellar av Noregs fyrste kvinnelege kunstmålar, fotturist og reiseskribent.

12:00-17:00 HAGEMARKNAD
Sal av sommarblomar frå Hjeltnes Gartneri.

13:00-16:00 GRILLING I HAGEN
Me grillar lam frå Solheim og kalvekjøt frå Larsastova.

14:00  AFTERNOON CIDER I TELTET VED FJORDEN
Bordsete invitera på smaksrike smårettar tilpassa lokal sider. Påmelding, kr. 675.

16:00 SILDEBORD I NAUSTET  
Langbord med eit hav av smakar. 12 ulike smårettar tilpassa lokal sider.
Påmelding, kr. 675.

17:30 SMAKSVERKSTAD I TELTET VED FJORDEN
 “Norge møter Frankrike”.
Sidersmaking med pommelier og sommelier David Gyllander. Påmelding, kr. 350.

16:30 & 18:00 SMAKSVERKSTAD I KJELLAREN
Hiernagla småskala handverksbrenneri frå Sveio har ambisjonar om å lage verdens beste single malt whisky!
Dei inviterer på smaksprøvar av sine produkt. Påmelding, kr. 350.

19:00 KONSERT I HAGEMAFIÈT
Matti Røssland Trio "Sprudlande og rocka. Varmt og fengande. Stille og vakkert"
Billettar på TicketCo kr. 200. Verge ordning.

Fri inngang på festivalområdet fram til konserten kl. 19:00
Påmelding til Smaksverkstadar, Sildebord og Afternoon Cider på Ticketmaster.no

Samarbeidspartnarar og sponsorar 2025:
Norges Sildesalgslag
Hardanger Bestikk
Ulvik Bygdekvinnelag
Fagskulen Hjeltnes
Holmen kulturpark
Lyden av Ulvik

Kontakt oss

Ynskjer du å komma i kontakt med prosjektgruppa, send ein e-post til
post@holmenkulturpark.no
+ 47 480 37 615
Hjeltnesvegen 43, 5730 Ulvik